Grønehaugen – Ervik

Grønehaugen er eit heilt nytt, ferdig regulert tomtefelt med 9 tomter lokalisert i Ervik. Alle tomtene har flott utsikt og har veldig gode solforhold. Her kan du sikre deg ei tomt i vakre Ervika, ein stad det ellers er få, om enn ingen tomter å bygge på. Det er tvilsamt at der vil kome fleire regulerte bustadfelt her, så om du er på jakt for å bygge eige bustadhus eller sekundærbustad nær havet i Ervika, kan du det no.

Frå tomtene har du kort veg til eit fantastisk og unikt naturlandskap. Ervika er ei særs flott strand, med utsikt rett vest i havet. Her får du magiske solnedgangar om sommaren, og mektige bølgjer vinterstid.

Tomtene har ulik størrelse, plassering og pris. Tomtene vert levert som råtomt, dvs. klart til grunnarbeid. Seljar skal syte for veg, vatn, avlaup og straum fram til kva tomtegrense. Sidan feltet er ferdig regulert, kan du straks søkje byggeløyve. Byggestart kan skje så snart felles tilkomstveg er etablert.

Prisliste

Tomt 1: 1 100 000,- (759 kvm)

Tomt 2: 1 100 000,- (983 kvm)

Tomt 3: 1 200 000,- (947 kvm)

Tomt 4: 1 400 000,- (801 kvm)

Tomt 5: 1 900 000,- (946 kvm) SOLGT

Tomt 6: 1 500 000,- (651 kvm) SOLGT

Tomt 7: 2 000 000,- (1133 kvm) SOLGT

Tomt 8: 1 750 000,- (849 kvm) SOLGT

Tomt 9: 1 900 000,- (1065 kvm) SOLGT

Webdesign: Frequency AS